Hopp til innhold

Informasjon nasjonale renn langrenn

Hordaland skikrets organiserer støtteapparat med smørjeteam, samt overnattingstilbod til nasjonale renn i langrenn. Sjå meir informasjon.

Før me gjer våre siste førebuingar før vinterens rennsesong for nasjonale renn, så treng me å få kartlagt kor mange som skal delta på dei nasjonale renna frå Hovedlandsrenn og eldre. Gjennom førehandspåmelding vil me kunne avklare overnattingsbehov og planlegging for støtteapparat med smørjeteam i god tid før sesongen med dei nasjonale renna startar opp.  

Me har utarbeida eit skjema for våre fellesreiser, som vil verte oppdatert med informasjon framover. Her står det informasjon om kvart renn. 

Fellesreiser til dei nasjonale renna - Hordaland langrenn

I tillegg må langrennskomiteen få inn ei førehandspåmelding, slik at dei kan planlegge med eit godt estimat på kor mange ein skal planlegge for. Me ber difor utøvarar, foreldre og støtteapparat om å førehandspåmelde seg via lenkja. 

Førehandspåmelding Hordaland - fellesopplegg Nasjonale renn 24/25

Påmeldinga er ikkje bindande, men vil vere bindande etter ein oppfølging av kvart arrangement. Herunder spesisfisering av overnattingstilbodet, ca kostnad og anna. Den oppfølginga vert gjort kontinuerleg utfrå informasjon om overnattingsstad, avbestillingsfristar og  etter kvart som arrangementa nærmar seg. 

Frist for påmelding til overnattingstilbodet og felles opplegget er 15. november. 

Informasjonen på sida med reiseplan og anna vert oppdatert undervegs framover til 10. nov. 

nif-epi04, 04