Hopp til innhold

17-åringane på NC for fyrste gang gjorde det godt!

Mange gode resultat frå NC på Lygna

30 løparar frå Hordaland var med på NC for junior på Lygna i helga. Mange gode prestasjonar og flott laginnsats frå våre.

Det var 30 stk. frå Hordaland med på NC for junior i langrenn i helga. Der var det fleire som gjorde det veldig godt i konkurranse mot dei beste i landet, og laginnsatsen og den gode framgangen til mange av løparane lovar godt framover.  

Av resultat må spesielt nemnast at det var 10 stk som kom vidare frå prologen under sprinten der Emil Brattebø og Ane Sofie Galåen Røthe vart 11. og 12. og kom til semifinalen. Under fellesstartane vart Tine Alfstad Olsen nummer 15. og Skage Ringheim Helgaset nr. 16. Mathea Berget vart nummer 17. Same plassering fekk også Mathea på 5 km klassisk der Emma Herre Nedkvitne vart 22. 

Fornøygde jenter etter NC debuten på Lygna.  

Kretsen har organisert eit støtteapparat med dyktige folk m.a. frå Vossalangrenn og Voss gymnas. Kretslaget hadde 20 løparar som fekk glede av dette under  helga. 

To av dei dyktige i smørjeteamet under helga: Bjarte Brattebø og Stig Gunnar Røthe.

Det gode juniormiljøet i skikretsen har i stor grad utspring frå Voss gymnas og vårt opne kretslag som har hatt samlingar sidan juni. Kjekt å sjå at dei viser seg fram med våre viktige sponsorar på nasjonale renn i felles bekledning. 

Gutanex, som også debuterte i 17 års klassen under NC junior Lygna. 

Sjå fleire resultat frå helgas konkurransar som gjekk frå fredag til laurdag med klassisk kort distanse, sprint friteknikk og fellesstart - lang distanse friteknikk. 

Resultat norgescup junior lygna 19. - 21. januar

NIF-EPI01, 01