Hopp til innhold

Sumarcamp i Jondal

Velkomne til langrennssamlinga Sumarcamp i Jondal og på folgefonna fredag 23. - mandag 26. juni 2023. Er du født mellom 2012 og 2008, så er dette plassen å vere desse dagane.

Samlinga er vorte ei årviss samling som passar perfekt for allsidig aktivitet på både breen og nede i Jondal. Me nyttar veg, sti, bane og ikkje minst skiføret på isbreen folgefonna. De får vere med på allsidig trening med nyttige tips om både trening og teknikk. Samlinga består av masse sosial aktivitet og konkurransar og me kan love mykje moro undervegs! Me har med dyktige trenarar og god mat vert servert i mellom øktene. Er du erfaren eller ny med langrenn, så er samlinga like aktuell. Me gledar oss til å ynksje akkurat deg velkommen til Jondal desse dagane i starten på sommarferien. 

Innkvartering vert på Hardangerakademiet. Her er det både overnatting og matservering. Dette ligg ved sentrum og rett på sida av Idrettsplassen og skulen. Overnattinga inkluderer sengetøy og handkle. 

Samlinga vil føregå i  og rundt Jondal og på Folgefonna. Alle treningsøktene tek utgangspunkt i Hardangerakademiet. Busstransport vil frakte oss til breen for skiøktene og ellers ved behov for lokal transport. 

INNHALD

Treninga føregår i oppkøyrde langrennsløyper på breen. Øktene går i friteknikk på ski. Det vil seie at ein ikkje treng festesmurning og klassiske ski. I tillegg vert det:
-Rulleskitrening
-Variert trening rundt Jondal med løp, styrke, ballspel og nye øvelsar. 
-Temakveld med ein spesiell gjest
-Sosiale lagkonkurransar

Ta med liste kjem!

PÅMELDING OG KOSTNAD

Treningssamlinga kostar 3400,- og  inkluderer overnatting, alle måltider, lokal transport i Jondal og treningsøkter med preparerte skiløyper på breen og teknikkinstruksjon.

Alle får ein kjekk deltakarpremie ved deltakelse på campen. 

PÅMELDING SUMARCAMP 2023-  23. - 26. JUNI

Innbetaling gjerast på kto numer: 3480.16.04775. Merk innbetaling med navn på deltakar og "sumarcamp23" 

NIF-EPI03, 03