Hopp til innhold

Voss ski og tursenter viste seg frå den finaste sida under laurdagens Vestlandsmeisterskap i langrenn klassisk teknikk.

Vestlandsmeisterskapet på Voss

Voss IL laga til ei flott rennhelg for skikretsane på vestlandet, når Vestlandsmeisterskapet gjekk over to dagar i Voss ski og tursenter. Laurdag var det klassisk teknikk i solskin og søndag var det friteknikk/skiathlon i litt meir "vestlandsvær".

Det vart ei stasleg avslutning på langrenns-sesongen under helgas Vestlandsmeisterskap. Arrangarklubben Voss IL, som har hatt ein travel arrangørvinter, laga nok eit solid arrangement for dei tilreisande. Takk! 

Deltakarar frå Sogn og fjordane, Agder og Rogaland og Hordaland skikrets fekk deltatt på godt tilrettelagte renndagar med; sol frå blå himmel, klisterføre, nydelege løyper,  og avslutningsvis litt vanleg vestlandsver før helga var over. Kjekt var det for alle. 

Laurdagen var det klassisk teknikk og frå 13 års klassen og eldre vart det kniva om tittelen Vestlandsmeister. Dette var dagen då sola skein frå blå himmel og løypene var faste og fine. Vebjørn Turtveit frå arrangørklubben, som tidlegare i år fekk 4. plass i NM, var også med på start. Det var inspirerande!



Resultat Vestlandsmeisterskapet klassisk laur 18. mar

Søndagen var det friteknikk for dei yngste opp til 12 år og for 13 år og eldre var det skiathlon på rennprogrammet. Rennet, det tradisjonsrike Vestlandske skistemna, hadde status som Vestlandsmeisterskap for 13 år og eldre. Litt regn i lufta satte ikkje ein dempar på rennet og stemninga og utøvarane gav alt. 

Resultat Vestlandske skistemna fri/skiathlon 19. mar

Takk til arrangørklubben Voss IL og eigarkretsane som var med å bidrog til premiar og ikkje minst dei tilreisande som laga rennet til noko felles og fint for langrennsmijøet på vestlandet. 

Me gledar oss til neste år!

nif-epi04, 04