Hopp til innhold

Utsikt frå speakerbua i Bavallen under fis-renna som gjekk søndag og mandag i anlegget.

Vel gjennomførte fis-renn på Voss

Voss alpin laga to gode storslalåm konkurransar for dei over 100 deltakarane på fis-renna i alpint som gjekk i Bavallen søndag og mandag. Vossingen Anna Bryn Mørkeset var med i toppen begge dagar i lag med fleire Hordalandsalpinistar.

Over 100 deltakarar var med på søndagen og mandagens storslalåm i Bavallen under "vestlandsrunden", som før renna på Voss, kom i frå to slalåmrenn i Jølster. Her viste bla. Ingrid Jersin Søgaard Voss IL igjen i toppen på resultatlista.

Resultat fis Jølster slalåm 10. - 11. mars 2023

I Bavallen var det som sagt storslalåm, og hordalandsalpinistane plasserte seg også her høgt oppe på listene. Blant desse var Anna Bryn Mørkeset, som har hatt 2 år med skade og opptrening, og nå byrjar å vise seg i toppen på resultatlistene att, som er særs gledeleg.    

Resultat fis voss storslalåm 12. - 13. mars 2023

Sjå sak frå avisa Hordaland om fis-renna og meir om vegen tilbake for Anna. 

NIF-EPI02, 02