
Kjekt på Kong Haralds ungdomsstafett
Hordaland skikrets stilte med 2 lag under helgas Kong Haralds ungdomsstafett i Holmenkollen. Togturen over til Oslo under WC 5-mila og deltaking i stafett mot andre 15-16 åringar frå Norge, gav masse opplevingar pakka i ei helg.
Den årvisse stafetten gav nok ei uforgløymeleg helg for våre deltakarar frå Hordaland. Våre to lag fekk vere med på TV-sendt stafett under WC arrangementa i Holmenkollen.
Våre to lag, som du ser nederst på tavlene på bileta gjorde det godt i konkurranse med dei gode laga frå dei andre skikretsane i Norge. Med startnummer 10 og 26 la laga frå Hordaland i veg på stafett i dei legendariske skiløypene i Holmenkollen.
I tillegg til stafetten fekk deltakarane også oppleve 5-mila i Verdenscupen som publikum, besøk i Holmekollkapellet, bankett med bla. Astrid Uhrenholdt Jacobsen og opplevd verdscup-sirkuset på nært hald med andre 15 og 16 åringar frå andre kretsar. Det heile starta og slutta med ein sosial togtur frå- og til Bergen.