Hopp til innhold

Fornøygde deltakarar frå Hordaland med trenar Marius Hauge (foran) under Hovedlandsrennet i alpint, som gjekk i Vassfjellet vinterpark.

Hordalandsalpinistar imponerte på Hovedlandsrenn

Hordaland stilte med 6 alpinistar under Hovedlandsrennet i alpint på Vassfjellet forrige veke. Her var det fleire som imponerte med sterke resultat i konkurranse med 15- og 16 åringar frå heile landet.

Det var kjekt for våre lokale å konkurrere i uoffisielt NM på Vassfjellet i Trøndelag forrige veke. Det vart konkurrert i både fartsdisiplinar som utfor og super g, samt dei tekniske øvelsane slalåm  og storslalåm. Våre deltakarar imponerte i både fartsdisiplinane og i dei tekniske. 

Under fartsøvelsane var det spesielt Heine Hagevik Moen, Fana IL, som imponerte med ein strålande 3. plass i utforkonkurransen og 6. plass i super g konkurransen.

Ein fornøygd Heine etter 3. plass under utforkonkurransen.  

I slalåmkonkurransen gjorde Vossingane Lauritz Kettermann og Emely Barmen det veldig bra med henholdsvis 4. og 7. plass. 

Sjekk ut fleire gode resultat frå Hordalandsløparane under den kjekke konkurranseveka for våre. 

Resultat Hovedlandsrennet alpint 22.-26.03.23

nif-epi04, 04