Hopp til innhold

Bilete frå Torefjellsrennet er teke av Arne Dag Myking / Kondis.

Flott helg i Kvam med Torefjellsrennet og stafett

Kvam Langrenn- og skiskyttarklubb gjennomførte to strålande arrangement på Sjusete og områda rundt i helga. Torefjellsrennet gjekk laurdag og sprintstafett søndag.

Lørdag var «langslitarane» sin dag med Torefjellsrennet. Eit av få turrenn, men med fleire val på distansen. Den lengste løypa, Hardhausen, gjekk over 40 km i klassisk, medan det også vart lagt til rette for 20km, 10 km og 5 km i friteknikk. Litt over 50 deltakarar var med i konkurranseklassane på dei ulike distansane. Sjå den fine reportasjen frå rennet i bladet Kondis med resultat. Bilete frå Torefjellsrennet er teke av Arne Dag Myking / Kondis.

Drømmeforhold i Torefjellsrennet, det litt ukjente turrennet på vestlandet - KONDIS - norsk organisasjon for kondisjonsidrett

Her er det rom for fleire. Strålande forhold under årets Torefjellsrenn. Her ser me hardhausen Iver Blokkum Ternen IL, over Hardangerfjorden.

Kvammasprinten

Søndag var de sprintstafett. Her gjekk løparane saman på lag to og to. Flott preppa løyper også denne dagen. Eit anlegg som føyer seg inn i rekka på nasjonalt nivå. Det var god stemning rundt heile traseen, men eit ekstra tilsig av heiarop og folk i målområdet. I all hovudsak var det det løparar opp til 16 år som deltok, men det er god plass til fleire aldersgrupper.

 Resultatliste-Kvammasprint-12.03.2023.pdf (sjusete.com)

For fleire bilete frå den fine helga på Sjusete. Sjå arrangørens facebookside Kvam LSK.

NIF-EPI02, 02