Hopp til innhold

Lagvenniner frå Voss IL tok likesågodt dei tre fyrste plassane i kretscupen for jenter 14. f.v. Sigrid Døssland, Ane Rognebakke og Synva Ringheim Helgaset

Finale i kretscupen langrenn

I helga vart årets kretscup avslutta med finale i samband med Vestlandsmeisterskapet og søndagens skiathlon. For dei yngste var det nok startar i kretsrenn som var viktig, medan dei eldste sanka poeng gjennom sesongen. Sjå sluttstilling og glade vinnarar.

Kretscupen gjekk i år også som ein cup for 8 - 12 år. Her var det om å gjere å delta på 5 kretsrenn gjennom sesongen, så vart det deltakarpremie for desse. Sjå under kven som klarte 5 renn. For desse ventar eit flott drikkebelte frå Swix. 

Deltakarpremie Kretscupen langrenn 8 - 12 år 2022-23 

For 13 år og eldra var det poeng for dei 8 beste renna og finalerennet som var teljande. Under Vestlandsmeisterskapet inngjekk finalen på søndagens renn med Vestlandske skistemna. Her ser du nokre glade premiepallar under utdeling av kretscuppremiar etter søndagens renn. Sjå også sluttstilling i kretscupen under. 
 

Samanlagtstilling kretscupen 13 - 20 år - 2022/23

 

 Kretscupen vart ein oppgradering i frå tidlegare år med både gul trøye og deltakarpremie til dei yngste som gjennomførte 5 kretsrenn. Dette hadde ikkje vore muleg å fått til utan vår sponsor Recover Nordic og samarbeidspartnarane Voss Sparebank og Endeve sport. Tusen takk!

  Hovudsponsor:

                                                      


 I samarbeid med:




 

NIF-EPI02, 02