
Resultat Vargarrennet
Søndag vart Vargarrennet arrangert i Voss ski og tursenter. Rennet gjekk i friteknikk og samla ca 100 deltakarar. Eit godt gjennomført renn av arrangøren frå Bordalen med strålande skitilhøve.
Det årvisse Vargarrennet gjekk med super hjelp frå ein velviljug dugnadsgjeng frå arrangørklubben. Rennleiar Reiar Flatebø rosar innsatsen til nettopp desse i gjennomføringen av det tradisjonsrike rennet.
Deltakarane på rennet fekk gleda av arrangøranes innsats og gode skiforhold i løypa.