KM i Eikedalen

Tertnes alpin og Fana alpin laga til ei flott KM helg med konkuransar i slalåm og storslalåm i Eikedalen. U 10 og yngre gjorde to renn på laurdagen og dei eldste fekk to gode konkurransedagar.

Sjølv med utfordrande ver i inngangen til helga, så fekk arrangørane laga til dei planlagte renna på ein god måte. 90 deltakarar var med under rennhelga. 

Rennet var KM i slalåm og storslalåm for 13 år og eldre. 

Her fekk me samla Kretsmeistrane frå helgas konkurranse og vinnarane av KM fart som gjekk på Ål i januar, med unntak av Emely Barmen som ikkje kunne stille grunna skade. Ho vann Kretsmeisterskapet på Ål i sin klasse. F.v.: Sebastian Toppe - kretsmeister super-g Ål gutter  u14, Nikolai Oppedal Berge - kretsmeister sl og ssl gutter  u14, Ada Skjerven Spook - kretsmeister super-g Ål jenter u14, Karen Seterås Stinessen - kretsmeister sl og ssl jenter u14, Mille Sylvester-Davik - kretsmeister sl og ssl jenter u16, Lauritz Kettermann - kretsmeister super-g Ål, sl og ssl gutter u16.

Sjå resultat for U12 og eldre frå laurdagens slalåm og søndagens storslalåm. 

Resultat KM slalåm laurdag 11. februar

Resultat KM storslalåm søndag 12. februar
 

Publisert 14. feb. 2023