Hopp til innhold

Hordalandsløparar på Hovedlandsrennet i langrenn

Hordaland skikrets stilte med ein god tropp under Hovedlandsrennet som gjekk i Meråker i helga. Våre deltakarar fekk vore med på langrennskross, sprint, distanserenn og stafett.

Med litt sjukdomsfråfall siste veka, var det litt færre som fekk vore med på den spennande hovedlandsrenn-helga enn opprinneleg planlagt, men dei som reiste fekk ei stor oppleving i lag med andre satsande langrennsløparar i Norge i aldersgruppa 15 og 16 år.  

Dette året var Hovedlandsrennet organsiert slik at alle fekk smurt det same under skia. Dette organsiert i eit stort felles smørjeteam. Hordaland stilte med eigen smørjegjeng som inngjekk i dette, i likhet med alle dei andre skikretsane. 

Masse produsering av ski, og Hordaland stilte med gode folk!

Sprint friteknikk fredag 24. februar

Fredagens fyrste renn for våre deltakarar var langrennskross etterfulgt av sprint i friteknikk. Johan Berge Børsheim i g 16 år frå Voss IL gjorde det bra og vart nummer 22. under langrennskrossen. Sjå resultat frå krossen der fleire frå Hordaland deltok. Under den etterfølgande sprinten var det fleire frå Hordaland som imponerte og kom seg vidare til finalane. Håkon Samnøy Skjeldal Voss IL vart nummer 11 i g 15, Emil Brattebø frå Bulken IL vart nummer 14 i g 16 og Yvonne Berge Børsheim Voss IL i j 15 vart nummer 24 i den skarpe konkurransen. Sjå fleire resultat frå sprinten. 

Resultat langrennskross 

Resultat sprint friteknikk

Klassisk distanse laurdag 25. februar

Laurdagen bestod av klassisk distanse. Her imponerte 16 åringane Mathea Berget Galleberg Fana IL med 17. plass, Thea Bay-Oterholm IL Korlevoll - Odda med 26. plass, Emilie Enes Seberg Omvikedalen IL med 34. plass, Emma Herre Nedkvitne Ørnar IL 41. plass, Anna Fareth Aas Voss IL med 51. plass og Julie Klette Ørnar IL med 61. plass. Blant jentene gjorde Vossingane i 15 års klassen det bra med Yvonne Berge Børsheim og Emma Rongve Brattebø med 40. plass og  med 44. plass. Blant gutane gjorde 16 åringane Emil Brattebø Bulken IL det bra med 31. plass, Tristan Kahrs Guldbrandsen Tif Viking med 48. plass og Johan Berge Børsheim med 61. plass.  

Sjå fleire gode resultat frå Hordalandsløparane. 

Resultat klassisk distanse

Stafett søndag 26. februar

Søndagen bestod av stafettar og dei 6 laga frå Hordaland imponerte. Gutane stilte med 2 lag. 1. laget imponerte med 12. plass i konkurranse mot dei andre skikretsane. 2. laget imponerte og med ein utøvar frå møre og romsdal, gjekk dei seg stort opp og endte på ein flott 41. plass. 

Jentene stilte med heile 4 lag og imponerte med alle laga godt oppe på resultatlista. 1. laget imponerte med sin 11. plass, 2. laget vart 24, 3. laget vart nummer 45 og 4. laget i samarbeid med Sogn og fjordane fullførte den sterke laginnsatsen med 47. plassen i det sterke startfeltet. 

Resultat stafett søndag 26. februar

Sjå bilder frå søndagens stafettar, med våre løparar i feltet.

NIF-EPI03, 03