Hopp til innhold

Fantastiske dagar på Voss ski- og tursenter. Skiftande ver gjorde helga eksotisk, sidan skiforholda var gode gjennom heile helga. Her frå eit lite solaugneblikk under søndagens klassiske renn.

Fornøygde utøvarar og arrangørar på Voss

Arrangørane på Voss laga til eit prikkfritt Norgescup arrangement trass vekslande vertilhøve. våre utøvarar fulgte opp arrangørane og gjorde det veldig bra under helgas langrennsfest, der over 800 deltok.

Vossalaga i Voss ski- og tursenter fekk skryt for måten rennhelga med NM sprint og norgescup distanse i friteknikk og klassisk vart gjennomført.  Ansvarleg frå Norges Skiforbund rosa kor godt organisert arrangøren var og korleis alle deler av det store arrangementet fungerte så bra. Noko som i følge ansvarleg i NSF er sjeldan. Sjå meir om den velfortente rosen i Avisa Hordaland

For våre utøvarar var det også kjekt å vere på heimebane under norgescup helga på Voss, og det vart mange gode prestasjonar og resultat i løpet av dei tre konkurransedagane. Nokre resultater vert nemnt i saka under, men fleire gode prestasjonar finn de i lenka til resultata frå helga.
Resultater NM-NC Voss 1o. - 12. februar

NM i sprint fredag

Fredagens sprint i friteknikk gjekk som NM distanse og Hordaland skikrets fekk med fem til finalane og topp 30 plasseringar. Fanaløparane Hanne Martinsen K17, Marie Hopsnes K18 og Emma Lefdal K18 gjekk seg til finalane i lag med Julie Tronerud Kvelvane i J 17 frå Bjørgum IL og  Tif Vikings Emil Namtvedt i M 17. Marie Hopsnes slo til og kvalifiserte seg til både semifinale og til finale og endte til slutt opp med ein flott 6. plass i NM sprint.

Marie Hopsnes Fana IL t.h. under premieseremonien for fredagens NM i sprint.

NC friteknikk distanse

Laurdagen var det distanse i friteknikk og NC. Julie Tronerud Kvelvane i K 17, som vanlegvis satsar skiskyting viste at langrenn er noko ho absolutt beherskar og med sin 4. plass i konkuranse med dei beste i landet viste ho akkurat det. Imponerande! Her viste også 17 åringane Hanne Martinsen 17. plass og Vårinn Johanson Hagen 18. plass, stor fart i sporet. I same klassen vart Mathilde Aga Hagen nummer 46. Dagen før var ho nære på finaleplass med 33. plass under sprinten. I klassen K 18 gjorde Bergensjentene Marie Hopsnes og Tine Alfstad Olsen løp heilt i Norges toppen med 5. og 7. plass. Emma Lefdal gjorde det også bra med sin 29. plass og Julia Varsi vart nummer 47 i same klassen. I K 19/20 gjorde Ingrid Brattabø det bra med 24. plass og Amalie Galaaen Røthe med 29. plass. 

For gutane, så klinka 18 åringane til med Oskar Eek Reme på ein strålande 13. plass, Einar Storvestre 24. plass, Åsmund Samnøy Skjeldal 27. plass og Marcus Enes-Seberg 33. plass. Kristian Steen gjorde laginnsatsen i klassen enda betre med sin 52. plass. Sterk årgang!

Fornøygde lagkameratar frå Fana IL: Oskar Eek-Reme t.v. og Kristian Steen. 

 Nc klassisk søndag

Søndagen var det klassisk med skikkeleg "klisterføre". I K 17 fulgte Vårinn Johanson Hagen opp laurdagens sterke 18. plass med ein ny fin 18. plass. Hanne Martinsen gjorde eit godt renn med 27. plass i same klasse. I K 18 år vart det, etter to toppløp fredag og laurdag,  21. plass på Marie Hopsnes. Julia Varsi, som fyrst løyste skilisens før årets sesong, fekk 31. plass - Imponerande etter kort satsingstid på langrenn. Emma Lefdal vart 41 i samme klasse. I K19/20 gjorde Marte Senderud Wæhle eit solid løp med 35. plass. Amalie Galaaen Røthe vart her 38, Ingrid Brattabø 47 og Helene Martinsen 51. 

Blant gutane gjorde 18 åringen Åsmund Samnøy Skjeldal eit veldig godt renn og vart nummer 25. Oskar Eek-Reme gjekk også fort og vart nummer 29.

I støtteapparatet til Hordaland vart det og gjort ein god jobb. Det viste igjen på fornøygde utøvarar. Her med smørjesjef Bernt Flæsland og det dyktige smørjeteamet med skitestarar. Takk!

Nokre bilete frå arrangementet under. Totalt sett ei inspirerande helg for dei langrennsglade her i vest!



 

NIF-EPI03, 03