Hopp til innhold

Til helga vert det innbydande langrennsanlegget på Voss ski- og tursenter fylt til randen av landets beste langrennsjuniorar.

800 juniorar kjem til Voss!

Det vert trøkk på Voss til helga når deltakarar frå heile landet kjem for å delta på Norges Cup i Voss ski- og tursenter. Dei dyktige arrangørklubbane i Vossalangrenn er klar!

Det er gledeleg for arrangørane på Voss å endeleg få arrangert Norgescupen dei opprinneleg skulle arrangert i fjor. At 800 deltakarar tek turen er ekstra gledeleg. 

For dei som har lyst å få med seg renna i anlegget, så er det berre å nytte høvet og ta turen til "åsen" i helga. Skarpe og fyldige konkurranseklassar med dei beste frå heile landet kjem, og for både deltakarar og publikum er det mogleg å varme seg med lapskaus, pølsebodar og eigen renncafe mellom slaga. 

For meir om arrangementet og program, sjå eigen heimeside

NIF-EPI03, 03