Hopp til innhold

Veldig god deltaking under årets kretsmeisterskap med over 200 påmeldte. Her frå premieutdelinga for jenter 13 år.

Vel gjennomført KM i Samnanger

Samnanger IL laga til eit Kretsmeisterskap som stod til 10 i stil. Alt i frå trasear, renncafe, skileikområde, tidtaking og speakerteneste var framifrå. Det vart ein slik dag dei over 200 deltakarane håpa på denne laurdagen i Totræna skianlegg. Søndagens renn vart avlyst grunna store nedbørsmengder utover natta og morgontimane, men laurdagens renn vog opp for den skuffelsen.

Samnanger IL har telt ned til denne dagen, når dei atter ein gong skulle arrangere kretsmeisterskap(KM). Etter å ha gått igjennom historiebøkene, kunne arrangøren informere om at det sist vart arrangert KM i 1973, då som 30 km. Det var difor eit jubileum, når arrangørane nok ein gong kunne ynskje velkomne til kretsmeisterskap i det flotte anlegget på Totræna. 

Rennet skulle gått over to dagar med friteknikk på laurdag og klassisk langrenn på søndag. Dei store mengdene regn gjorde at arrangøren i samråd med TD vurderte det som tryggast å avlyse søndagens renn. Dette var kjedeleg for deltakarane og arrangøren, men nødvendig forholda tatt i betraktning. 

Laurdagens renn i friteknikk vart gjennomført med ei nyvinning, når eit felles smørjeopplegg for aldersklassane 8 - 16 år vart gjennomført. Dette vart organsiert av langrennskomiteen og gjennomført med eit team med skismørjarar frå klubbane i skikretsen, leia av Ole Jacob Martinsen frå Fana IL. Dette vart eit vellukka prosjekt som gav positive tilbakemeldingar frå klubbane og deltakarane. 

Bilete frå felles smørjeopplegg, organisert av skikretsen. 

Arrangøren laga til eit eige "Skisprell"- område for ungane som var på stadion. Det var veldig populært. 



Rennet hadde god deltaking med over 200 påmeldte, som er rekord denne sesongen.

Kretsmeisterskapen gjaldt for aldersgruppa 13 år og eldre og følgande kretsmeistrar vart kåra: 
Jenter 13 år:
Delt: Ingrid Marie Næsheim Medhus, Røldal IL og Mathilde Askeland-Larsen, Stord IL
Gutar 13 år: 
Vetle Vesterhus Michelsen, Ørnar IL

Gutar 14 år:
Halle Gjerstad, Bulken IL
Jenter 14 år:
Ane Rognebakke, Voss IL

Jenter 15 år:
Yvonne Berge Børsheim, Voss IL
Gutar 15 år: 
William Samland Eik, Uskedalen IL

Jenter 16 år:
Ane Sofie Galaaen Røthe, Voss IL
Gutar 16 år:
Emil Brattebø, Bulken IL

Kvinner 17 år:
Vårinn Johanson Hagen, IL Korlevoll - Odda
Menn 17 år: 
Emil Inge Namtveit, Tif Viking

Menn 18 år: 
Åsmund Samnøy Skjeldal, Voss IL
Kvinner 18 år: 
Marie Hopsnes, Fana IL

Kvinner 19/20 år: 
Ingrid Brattabø, Osterøy IL

Menn senior: 
Joel Dyrhovden, Samnanger IL

Kvinner senior: 
Gro Sævik Dyrhovden, Samnanger IL

Tre glade, og også beste i menn senior: F.v Mattias Oppedal Fana IL, 2.plass, Joel Dyrhovden i midten og klubbkamerat Sondre Tysseland t.h.  

Resultat Kretsmeisterskap 28. januar friteknikk 

Rennet vert ikkje komplett utan ein kafe. Det var det til gangs også under KM. Reine bakeriet vart innreia i garasjen, til glede for alle tilreisande. 

Samnanger har hatt veldig god informasjon både før og undervegs frå årets KM. Sjå heimesida deira for mange kjekke stemningsbilete frå helgas KM. Vel blåst Samnanger IL! Det vert ikkje 50 år til neste gong.

NIF-EPI03, 03