
Trener I kurs i langrenn
Del II av trenerkurset i langrenn går helga 4. og 5. februar. For dei som ikkje var med på fyrste del i september, men som har lyst å gå trenerkurs, så går det heilt fint å starte opp med dette delkurset.
TRENEr I
Velkomen til lærerike dagar med trenar I kurs i langrenn.
Me held kurset i regionen Bergen, Samnanger eller ev. Kvam denne gang. Detaljar om kvar kurset går vert oppdatert i næraste framtid. For dei som ikkje fekk meldt seg på under kurset som starta i september, men som er klar for kurset på snø og med ski, så nyttar de berre påmeldingslenkja.
For informasjon om kva kurset inneheld totalt sett (etter 2 helgar)og kva kompetanse det gjev, sjå informasjon om trener I kurset. E-læringskursa er ein del av kurset og kan gjennomførast når det høver, og gjerne i forkant. For å gjennomføre desse må ein vere pålogga "min idrett". Sjå Lenke E-læringskurs som er knytta til trener I.
Kurset er gratis for klubbar i Hordaland.
Påmeldingsfrist søndag 29. januar. Følg påmeldingslink.
Påmelding trener I kurs 4. og 5. feb 2023
Dei som meldte seg på i september treng ikkje å gjere det igjen.