Hopp til innhold

Flotte tilhøve under helgas langrennskonkurransar på Voss ski- og tursenter. Her frå laurdagens Viljarrenn. Foto: Olav Klette

Topp deltaking under Viljarrennet og Ørnarstafetten

Det var strålande deltaking og flotte arrangement idrettslaga Viljar og Ørnar inviterte til i helga. Laurdagen vart Viljarrennet i klassisk teknikk arrangert. Søndag laga Ørnar stafettmoro for dei tilreisande.

Flotte arrangement fortente god deltaking og det var det virkelig i helga. Gledeleg å sjå at så mange var med på helgas kretskonkurransar i langrenn.

Viljar IL laga til ein flott konkurranse og inviterte til ei flott ramme med vinterlege forhold og godt merka løyper og stadion. Stadionkafe med premieutdeling gjorde rennet fullkomment. 

Resultat Viljarrennet klassisk teknikk 14.01.2023

Ørnar IL har hatt lang tradisjon for arrangementet Ørnarstafetten og laga ein super stafettdag på søndagen i åsen. For dei laga som mangla utøvarar, så la arrangøren til rette for at desse vart fylt opp med ledige utøvarar frå andre lag. Flott at arrangøren legg til rette for dette.

Nok ein Ørnarstafett vel blåst! 

 Resultat Ørnarstafetten 15.01.2023

Det er plass til fleire, så er herved oppfordringa sendt til klubbar som har lyst å vere med på kretskonkurransar. 

KRETSCUPEN I LANGRENN 2022-23

For dei individuelle renna, så telles det poeng i vår kretscup. Etter tre renn er samanlagtlista oppdatert. 

Poengliste kretscupen langrenn 14. januar 2023

nif-epi04, 04