Hopp til innhold

Telenorlekene og felles opplegg Hordaland

Telenorlekene er rett rundt hjørnet og me i Hordaland skikrets gledar oss til kjekke dagar i Wyller og Oslo 9. - 12. mars. Nå kan de melde på fellesopplegget vårt og reservere overnatting på Scandic Fornebu.

I samband med Telenorlekene har me reservert overnatting på Scandic Fornebu frå 8. - 12. mars. Her er det 1, 2,3 og 4 sengs rom tilgjengeleg. Hotellet er offisielt arrangementshotell for renna. Prisane for romma er frå 940 til 1440 per døgn inkl. frukost. Måltida reserverer me i tillegg etter behov. Når det gjeld ev. felles løparbankett, så følger me også opp dette med dei påmeldte. 

Under kan du melde deg på vårt felles opplegg rundt renna og reservere overnatting på hotellet. 

fellesopplegg og overnatting Telenorlekene 8.-12. mars

Morten Husa er reiseleiar for arrangementet og skikretsen har eige trenarteam som følger opp alle våre utøvarar.

skikretsen ordnar med felles treningsvest for alle deltakarane. Detaljar om dette vert fulgt opp. 

Hovudtrenar vert Magnus Hartwig og kan kontaktes per mail: magnus.h.hartwig@gmail.com 

For påmelding på sjølve rennet, så melder de dykk på direkte til arrangør. Sjå informasjon om arrangementet og påmelding 

Informasjon vert oppdatert. Førehandspåmelding innan torsdag 2. februar. Etter dette kan de korrigerast, men me må ha oversikt over hotellbehov så raskt som muleg. 

NIF-EPI01, 01