Hopp til innhold

KM langrenn i Samnanger

Til helga inviterer Samnanger IL til KM i langrenn på Totræna. Friteknikk laurdag og klassisk søndag. Eige skileikområde for dei yngste. Skikretsen har felles smøreopplegg opp til 16 år under laurdagens friteknikkrenn.

Samnanger IL gledar seg til å invitere til langrenn og kretsmeisterskap for hordaland komande helg. 

Skikretsen har eige obligatorisk felles smørjeopplegg for 8 - 16 år på laurdagen og det vil kome eit eige smørjetips for søndagens klassiske renn. 

Gjennomføring av felles smørjeopplegg: 

Gjennomføring

  1. Skia leveres godt merka med namn 35 min før start.
  2. I eige smøreområde/garasje (lett synleg) nullast skia, før det legges dagsaktuell flytande glider med kork og fleece, tørking ca 10 min og deretter rotorbørsting og dagsaktuell strukturpåføring (vals med struktur).
  3. Skia leveres ut frå området og klar til start 5 min før start i følgje startlista. Då har skia eit klistermerke som markerer skia du skal bruke og at dei er ferdig preparert.

For barna vil det vere eit eige skileikområde med orgeltramp, hopp, kular og portar. 

For trimmarar og foreldre som ynskjer ei utfordring? Meld dykk på rennet i trimklassen der 5 km i flotte løyper ventar.  

KRETSCUP
Renna inngår sjølvsagt også i vår kretscup. Sjå oppdatert stilling før helgas renn. 
Kretscup 13 - 20 år samanlagt før KM 28.-29. jan

Kretscup 8 - 12 år Antal deltakingar på kretsrenn

Sjå fyldig invitasjon med praktisk informasjon på heimesida til Samnanger og hugs påmeldingsfrist torsdag 26. januar kl. 23.59. 

Informasjon/påmelding KM langrenn Samnanger 28. - 29. jan

NIF-EPI02, 02