Hopp til innhold

Hans Grahl Madsen frå Fana IL er klar for Junior VM. Følg Hans og dei andre alpinistane frå Hordaland som er tekne ut til Internasjonale renn for Norge.

Alpinistar frå Hordaland imponerer

I rekka av internasjonal deltakelse føyer Lauritz Kettermann frå Ørnar IL seg inn. Han er teken ut til talentcamp og internasjonalt renn i Whistler. Samstundes startar Hans Grahl Madsen opp med renn i Junior VM og søstrene Madeleine og Pia Sylvester-Davik startar straks i Ungdoms OL. Følg våre utøvarar som representerer Norge framover.


Lauritz Kettermann frå Voss alpin imponerte under helgas uttaksrenn på Geilo. Med 6. og 7. plass på uttaksrenna, så vart det uttak til talentcamp med deltaking på internasjonalt renn i Whistler i april, der han representerer Norge. Sjå uttaket under. 

Uttak talentcamp og internasjonale barnerenn 2023


Tidlegare i år, så vart det klart at Hans Grahl-Madsen Fana alpin vart teken ut til å representerer Norge under Junior VM i Austerrike og St.Anton. Hans sine første renn startar med Storslalom komande søndag. Følg dei live!

Live Junior VM alpint St.Anton 19. - 25. januar 2023


Søstrene Pia t.v og Madeleine Sylveser-Davik Tertnes alpint skal og i ilden komande veke med deltaking i ungdoms OL(EYOF) i Italia og Tarvisio. Følg renna og informasjon om desse på den offisielle sida til arrangementet. 

Eyof Tarvisio 21. - 28. januar

NIF-EPI03, 03