Hopp til innhold

Haustmøte Hordaland skikrets

Tysdag 4. oktober kl. 18 inviterer Hordaland skikrets til haustmøte på Brann stadion - Idrettens hus. Fellesdel med informasjon etterfulgt av greinmøter.

Haustmøte for skikretsen vert arrangert tysdag 4. oktober på Idrettens hus. Me opnar også opp for digital deltaking. Me gjennomfører ein felles del med informasjon frå skikretsen før greinvise møter med klubbane. 

RAMMEPROGRAM

18.00 - 18.45: Felles del med informasjon frå skikretsen. 
- Informasjonssaker
- Satsingar i Hordaland skikrets
- Presentasjon av Skiklubbutviklar Anne Lise Leiren Mastervik

18.45 - 20.30: Greinvise fagmøter med aktuell sesonginformasjon, fastsetting av lokale terminlister, fellesreiser nasjonale renn, kurs og innkomne saker.

For klubbar som har saker dei vil ha tatt opp, meld dette inn til adm. i skikretsen innan fredag 30. september. Foreløpig har me oppfølging av online betalingsløysing - som vert fulgt opp frå vårmøtet som ein av dei innkomne sakene som vert behandla. 

Saksliste fagmøte langrenn 4. oktober

Hopp og kombinert held sitt fagmøte på Voss onsdag 12. oktober.
Fagmøte Hopp og kombinert 12. oktober - Voss

PÅMELDING

Bruk lenka under for påmelding. Me legg også til rette for digital deltaking, som de kryssar av for i påmeldinga. Me oppfordrar likevel til fysisk deltaking, så langt det går. 

Påmelding haustmøte hordaland skikrets 4. oktober 

Frist for påmelding er søndag 2. oktober. 

NIF-EPI03, 03