Hopp til innhold

Tif Viking arrangerte Fløyen Opp

Laurdag 20. august inviterte Viking til ein fartsfull dag med rulleskirenn i strålande ver opp til Fløyen. Ca 50 deltakarar fekk rikeleg med heiarop, når langrennssporten var på utstilling i Vestlandshovudstaden.

Fløyen opp vart ein suksess for arrangøren TIF Viking, der ca. 50 store og små skiløparar tok seg opp den tunge løypa og vart oppmuntra av ivrige turgåarar som det var mange av i det flotte været. Tif Viking vil takke alle som tok turen til Bergen og deltakarane som stilte til start. Ei spesiell takk til Vossa-klubbane som la dette rennet inn i si samling og kom med mange deltakarar til Bergen. Arrangøren gledar seg allereie til neste år!

 

resultat rulleskirennet Fløyen opp 20. aug 

 

Bilder frå den kjekke dagen på Bergens tak!

nif-epi04, 04