Hopp til innhold

Vår felles kjekke breiddesamling på Bømoen går helga 16. - 18. september. Skikretsen gledar seg til å skape ei uforgløymeleg helg på Voss.

Haustcamp på Bømoen

Velkomne til Haustcamp på Bømoen helga 16. - 18. september. Samlinga er for alle skigreiner og gjeld for aldersgruppa 2007 - 2011. Ei veldig allsidig og sosial samling med kjekke trenarar frå skikretsen er i vente!

Velkomne til Voss og Bømoen leir frå fredag 16. september til søndag 18. september. Det vert 3 aktive dagar for deltakarane på denne allsidige breiddesamlinga for skikretsen sine ungdomar. Me bur i leiren og får maten servert der. Samlinga er for dei som skal opp i 12 års klassen til vinteren til og med dei som skal opp i 16 års klassen. Alle skigreiner er invitert og allsidig aktivitet og det sosiale står i fokus.

Nokre økter vert felles for alle og nokre vert greinspesifikke. Området rundt Bømoen og på Voss vert nytta til dei ulike aktivitetane. Nattorientering, elvepadling, utfordrande hallaktivitetar, terrengsykling, rulleski og rollerblades er noko av det me har hatt på programmet på haustcampen. Årets program i lag med ei "ta med liste" vert oppdatert. Dyktige trenerar frå våre skiklubbar og skikretsen er klar til å skape ei kjekk samling for alle deltakarane. 

Frist for påmelding er søndag 11. september.

PÅMELDING HAUSTCAMP 16. - 18. SEPTEMBER

Samlinga kostar 1750,-  Alle deltakarar får ein deltakar-premie. For innbetaling av deltakaravgift på haustcampen, så betaler ein inn 1750,- på kto nummer: 3480.16.04775 og merkar med "haustcamp+namn".

Til informasjon, så vert det oppretta ein kiosk på haustcampen. Den er laga kun for denne samlinga, og gjer at det vert litt kiosk-stemning også. 

nif-epi04, 04