Hopp til innhold

Sumarcamp langrenn 2022

Velkomne til Sumarcamp i Jondal frå onsdag 29. juni til laurdag 2. juli. Samlinga er for langrennsløparar født mellom 2007 og 2011. Ein perfekt start på ferien?

Velkomne til langrennssamlinga Sumarcampen, som me arrangerer i Jondal. Allsidige økter der me nyttar veg, sti, bane og ikkje minst skiføret på isbreen folgefonna. Under treningssamlinga legg me vekt på allsidig trening med nyttige tips om både trening og teknikk. Me legg vekt på det sosiale undervegs, og det aller viktigaste – at det skal vere moro undervegs! Me kan love dyktige trenarar og god mat. Er du erfaren eller ny med langrenn, så er samlinga like aktuell. Me gledar oss til å ynksje akkurat deg velkommen til Jondal!

Samlinga startar onsdag 29.juni og me avsluttar etter lunsj laurdag 2.juli.  Påmelding er open fram til onsdag 15. juni. Me har eit tak på 50 deltakarar, pga begrensning med overnattingskapasitet. Program og «ta med liste» kjem. 

Innkvartering vert på Hardangerakademiet. Her er det både overnatting og matservering. Dette ligg ved sentrum og rett på sida av Idrettsplassen og skulen. Overnattinga inkluderer både sengetøy og handkle. 

Samlinga vil føregå i  og rundt Jondal og på Folgefonna. Alle treningsøktene tek utgangspunkt i Hardangerakademiet. Busstransport vil frakte oss til breen for skiøktene og ellers ved behov for lokal transport. 

INNHALD

Treninga føregår i oppkøyrde langrennsløyper på breen. Øktene går i friteknikk på ski. Det vil seie at ein ikkje treng festesmurning og klassiske ski. I tillegg vert det:
-Rulleskitrening
-Variert trening rundt Jondal med løp, styrke, ballspel og nye øvelsar. 
-Temakveld med Andrew Musgrave
-Sosiale lagkonkurransar


Andrew Musgrave vil kome og dele både treningstips og vere i lag med oss i Jondal desse dagane. Andrew er frå Storbritannia og er bosatt i Trondheim. Han har vore med i 3 OL har fleire topp 6 plasseringar i meisterskap. I tillegg har han fleire pallplassar i WC gjennom karrieren. 

I tillegg til Andrew vil du treffe fleire dyktige trenarar og arrangørar som er klare til å lage ei super samling for deltakarane.

TRENINGSPLAN OG "TA MED" LISTE - SUMARCAMP 2022 

PÅMELDING OG KOSTNAD

Treningssamlinga kostar 3300,- og  inkluderer overnatting, alle måltider, lokal transport i Jondal og treningsøkter med preparerte skiløyper på breen og teknikkinstruksjon.

Alle får ein kjekk deltakarpremie ved deltakelse på campen. 

PÅMELDING SUMARCAMP 2022-  29. - 2. JULI

Innbetaling gjerast på kto numer: 3480.16.04775. Merk innbetaling med navn på deltakar og "sumarcamp22" -

samarbeidspartnarar

Engevik Byggsenter har støtta vår samling i Jondal frå oppstarten, og me er fornøygd med at dei også i år bidreg. Tusen takk!

 

Me er glade for at vårt gode samarbeid med Coop fortset også under årets Sumarcamp. Me handlar mat på den kjekke butikken Coop prix Jondal under samlinga. Takk for støtta dykkar til den viktige samlinga for våre unge langrennsløparar. 

NIF-EPI03, 03