Hopp til innhold

Daniel Dukstad frå Voss IL vann klassen 19/20 år under NM 10 km friteknikk på Lygna. Bård Olav steinsland Medhus frå Røldal IL (t.h.) med ein fin 5. plass i same rennet.

Finale og NM del II

Fleire unge Hordalandsløparar som gjorde det skarpt under NM del II og finalane i Norgescupen for junior som gjekk på Lygna.

Sjå resultat frå helgas renn som bestod av både NM og Norgescupfinale for junior. Mange av våre juniorar gjorde veldig gode renn under helgas sesongavslutning. 

Me nemner spesielt Daniel Dukstad frå Voss IL som slo til og vann 10 km friteknikk i klassen 19/20 år. Bård Olav Steinsland frå Røldal IL imponerte også med 5. plass i same rennet og klassen. Sondre Brattebø frå Osterøy IL, gjorde eit imponerande renn med 2. plass i 17 års klassen. I same klassen fulgte Einar Storvestre TIF Viking opp med  ein finfin 5. plass. 
 
Fornøygde gutar! Fv. Sondre, Daniel og Bård Olav. 

Sondre t.v. under premieutdeling for sin 2. plass og Einar nummer to frå høgre, som vart nummer 5.  

Blant damene imponerte Synne Ophaug Røthe Voss IL, med sin 5. plass på 5 km friteknikk. I same klassen fulgte Marie Hopsnes Fana IL opp med ein finfin 6. plass. Eitt år eldre Amalie Galåen Røthe Voss IL vart nummer 12 på 10 km med skibyte under søndagens finale. 

Synne i fint driv under finalen, som endte med 8. plass. 


Amalie undervegs i finalen, der ho endte opp med ein fin 12. plass. 

Fleire andre hordalandsløparar gjorde sine saker bra i helga. Desse fekk topp 30 plasseringar under helga: Oskar Eek Reme Fana IL og Ingrid Brattebø Osterøy IL. 

Resultat NM del II og finale Norgescupen junior 

nif-epi04, 04