Hopp til innhold

Bilde før storslålåmen i Bavallen. Både ver og forhold var strålande for deltakarane under dei 4 FIS renna på Voss.

Voss alpin arrangerte FIS renn

Voss alpin arrangerte 4 FIS renn med innlagt NM for junior. Dei rutinerte arrangørane fekk gode tilbakemeldingar på arrangementa og det var fornøygde deltakarar som nytte dei flotte traseane i Bavallen.

Flotte forhold og gode arrangørar gjorde NM for junior og FIS renna til ein suksess for Voss alpin i Bavallen. 

Dei lokale løparane frå Hordaland slo til med fleire medaljar under NM konkurransane. Madeleine Sylvester-Davik frå Tertnes alpint vann slalåm konkurransen og Isabella Napsøy Knutsen og Pia Sylvester-Davik frå Tertnes alpin sikra seg begge medaljar under NM i storslalåm. Høgt oppe på listene var også Ingrid Marie Jersin Søgaard og Jenny Astrup Sjøtun frå Voss alpin. Sjå resultat frå alle konkurransane som gjekk frå torsdag til søndag 17. - 20. mars.  

Resultater Voss NM junior I og FIS storslalåm og slalåm

nif-epi04, 04