Hopp til innhold

Vestlandsmeisterskap og sesongavslutning langrenn

Voss IL inviterte i helga til Vestlandsmeisterskap i langrenn for skikretsane i vest. Renna markerte også sesongavslutning lokalt. God deltaking og ei kjekk rennhelg gav meirsmak for nye slike meisterskap.

Vestlandsmeisterskap

Voss IL arrangerte laurdag og søndag Vestlandsmeisterskap gjennom laurdagens Parkrenn og søndagens Vestlandske skistemna. Meisterskapen gjaldt klassane 13 år og eldre og var for kretsane Agder og Rogaland, Sogn og Fjordane og Hordaland. Tilreisande frå Gjesdal i sør til Stryn i nord fekk ei super rennhelg i Voss ski- og tursenter der ca. 200 deltakarar var under dei to konkurransane. 

Nokre bilete frå helgas Vestlandsmeisterskap.

Resultat Vestlandsmeisterskap - klassisk 26. mars

Resultat Vestlandsmeisterskap - fri/skiathlon 27. mars

Kretscup i langrenn 2021 - 22

Renna markerte også slutten på dei lokale kretsrenna og vår lokale kretscup for 13 år - 19/20 år. 

Premiar for denne vart tildelt straks etter premieutdeling for Vestlandsmeisterskapen. Her var det både pokalar til dei 3 beste og deltakarpremiar til dei som hadde 5 renn i cupen. Nokre uttrekkspremiar var det også. Sjå bilete frå premieutdelinga i kretscupen under. 
Kretscupen langrenn - Hordaland 2021/22



NIF-EPI01, 01