Hopp til innhold

Turrenn og sprintstafett i Kvam

Hugs å meld dykk på til langrennstilbodet på Sjusete i helga. Det tradisjonsrike turrennet Torefjellsrennet og Sprintstafett står på programmet.

Laurdag 12. mars går det tradisjonsrike Torefjellsrennet. Med dei gode snøforholda vil det bli ein strålande dag i det flotte terrenget rundt Sjusete. Det er både trim-, familie og ungdomsklassar i rennet.  Trimklassen melder seg på renndagen. For dei andre er det førehandspåmelding. Rennet for dei yngste går i friteknikk (til og med 16 år), medan "hardhaus" distansen på 40 km går i klassisk. 

Påmelding torefjellsrennet laurdag 12. mars

Søndag er det sprintstafett med to på kvart lag. Her er det berre til å få med seg lagvenniner og lagkameratar og melde seg på!

Påmelding Lagsprint Kvam søndag 13. mars

Påmeldingsfristen for begge renna er onsdag 9. mars kl 23.59

NIF-EPI02, 02