Hopp til innhold

Stafettmoro for Hordalandsløparar i Holmenkollen

Hordaland skikrets stilte med to lag under helgas Kong Haralds ungdomsstafett i Holmenkollen. Veldig kjekt for ungdomane våre, som i tillegg til å gå stafett, også fekk mykje inspirasjon frå verdstjernene.

Det vart ei god helg for dei 8 deltakarane frå Hordaland og lagleiarane som reiste til Holmenkollen og var med på stafettkonkurranse mot dei andre skikretsane. Skikretsen stilte med følgande deltakarar:

Ane Sofie Røthe - Voss IL J15

Thea Bay-Oterholm - IL Korlevoll - Odda J15

Vårinn Johanson Hagen - IL Korlevoll - Odda J16

Hanne Martinsen - Fana IL J 16

Emil Brattebø G15 - Bulken IL G15

Tristan guldbrandsen - Tif Viking  G15

Markus Håheim - Voss IL G16

Emil Namtvedt - Tif Viking G16

Og desse fordelte seg på 2 lag i mix stafett. 

Det starta med felles togreise for våre deltakarar som enda i Oslo fredags kveld. Laurdags morgon bar det opp i Holmenkollen for å sjå 3-mila i Verdscupen. Der fekk dei sett Therese Johaug si siste 3-mil i verdscupen og vår eigen Karoline Simpson-Larsen, Vargar IL, som med sitt solide løp endte på 26. plass og verdscup-poeng. 

Det var søndagen stafettkonkurransen sto. Den gjekk rett før herrenes 5-mil, der Sjur Røthe, Voss IL, slo til med 2. plass i det gjeve selskapet. Då måtte desverre våre deltakarar skunde seg til toget, slik at det fekk dei ikkje med seg. Det dei derimot fekk med seg var flotte opplevingar og gode plasseringar i det tøffe feltet under stafetten. Blant dei andre skikretsane plasserte våre to lag seg på 12. plass og 23. plass. Resultat. Imponerande prestasjonar i konkurranse med skikretsar frå heile landet.

Under vegs i helga vart det både bankett og litt byliv, og kjekke møter med bla. Helene Marie Fossesholm, Olympisk meister Iivo Niskanen, Frederico Pellegrino og Andrew Young. Sjå bilete frå den kjekke helga under.

 

Takk til dei dyktige lagleiarane som sørga for ei trygg reise, gode ski og god stemning. 

NIF-EPI02, 02