Hopp til innhold

NM-veka vart ein suksess

Framnes IL og Vossarando stod for to flotte meisterskap i Telemark og Randonee under den tv-sndte NM-veka i Myrkdalen. Vossingen Hans Inge Klette sørga for full utteljing med to NM gull i Randonee.

Det var eit imponerande førearbeid dei to lokale arrangørane la ned i Myrkdalen i dagane og vekene før NM-konkurransane i Telemark og Randonee vart arrangert. Framnes IL og vossaklubbane Voss IL og Viljar IL stod for dei to arrangementa, som inngjekk i konseptet NM-veka, som føregjekk i Åsane og i Myrkdalen. 

Arbeidet vart krona med strålande konkurransar i godt førebudde trasear for begge skigreinene. Rennleiar Odd Inge Austevoll og den solide dugnadsgjengen i Framnes laga til eit flott NM i Telemark.  Det same gjorde Lars Erik Skjervheim og gjengen i Vossarando. Begge arrangementa heldt, i følge utøvarane, høg internasjonal standard. 

For dei lokale deltakarane, så var det heimehåpet Hans Inge Klette, Viljar IL, som slo til for fullt med gull i både sprintdistansen og individuell under NM i Randonee. 

Sjå bilete frå laurdagens konkurransar i Myrkdalen. 

Telemark:

Randonee:

Rennleiar Lars Erik Skjervheim stod ikkje berre for arrangementet. Han stilte også opp på startstreken. Og veteranen imponerte med bronsemedalje under individuell konkurransen. 

Medarrangør og lokalt medaljehåp, Hans Inge Klette frå Viljar, slo like så godt til med to gull under helgas NM i Randonee.

Arrangørane fekk vist seg fram på NRK helgas NM konkurransar. Har du ikkje fått sett det, så sjå lenkje!

Resultat frå NM-veka

NIF-EPI01, 01