Hopp til innhold

Det vert kjekt med langrenn på Dalane og Bulken att. Etter ei lang ventetid gjennom to koronaavlysingar.

Kretscup og nye sjansar

Sjå oppdatert poengstilling i kretscupen før helgas to renn på Bulken og Voss. Hugs å meld dykk på renna som går under nydelege snøforhold begge stadar. Nye poeng delast ut!

samanlagtstilling kretscupen 7. mars

bulkenrennet

Til helga kan Bulken ynskje velkomne til langrenn i klassisk teknikk i Dalane skianlegg. Der ventar eit snøparadis med løyper som også inkluderer bølgefelt  lagt inn i løypa, for deltakarane som tar turen til det flotte anlegget. 

Påmeldingsfristen er onsdag 16. mars. Ikkje nøl - meld på, store og små.

Bulkenrennet klassisk laurdag 19. mars

 

Voss sparebank rennet

Søndag inviterer Voss IL til det utsatte Voss sparebankrennet. Rennet går i Voss ski- og tursenter og går i friteknikk. Etter rennet vert også fjorårets kretscup delt ut. 

Påmeldingsfristen er torsdag 17. mars. Ikkje ver redd for å ta turen til Voss ski- og tursenter for å vere med på rennet. Meld på!

Voss sparebank rennet friteknikk søndag 20. mars

 

NIF-EPI01, 01