Hopp til innhold

Kjekt med langrenn på Bulken

Bulken IL laga til eit flott langrenn for dei tilreisande laurdag 19. mars. Rennet som gjekk i klassisk teknikk vart arrangert i det flotte anlegget på Dalane.

Bulken IL gjorde ein super jobb med arrangementet og løypene laurdag. Det vart invitert til langrenn med ein eigen vri, med innlagte kuleløype-element som ein del av traseen. Dette vart satt stor pris på, og dei ca. 100 deltakarane hadde ein flott laurdag i anlegget, som endeleg fekk vere vertskap for kretsrenn att.

Resultat Bulkenrennet laurdag 19. mars 


Bilde frå den morsomme kuleløype-sløyfa. 

Sjå fleire bilete på Bulken IL si facebook-side.

NIF-EPI01, 01