Hopp til innhold

Kjekt med hopprenn på Tunåsen

Det vart ein veldig kjekk søndag for dei som tok turen til Tunåsen, Bulken IL inviterte til hopprenn med KM. Over 20 deltakarar fekk prøvd seg i hoppbakkar i størrelse K12 og K25. Dei eldste var også i K40 og K69.

Bulken IL laga nok ein gong til ein flott dag for dei hopp-glade i Tunåsen. Denne gang vart det arrangert hopp- og kombinertrenn med innlagt KM for dei over 13 år. 

Bakkane K12 og K25 vart nytta medan dei eldste nytta K40 og K69. Det kom deltakarar frå Gullfjell IL, Hafslo IL i sogn og frå heimeklubben Bulken IL.

Glade deltakarar fekk oppleve godt preparerte hoppbakkar med utfordringar for alle. Sjå nokre bilete frå dagen under. Resultat og enda fleire bileter på Tunåsen si facebookside.  


Flotte premiar til alle og stas med nye hoppdressar gjenbrukt frå proffe landslagsutøvarar i kombinert!

NIF-EPI03, 03