Hopp til innhold

Hovedlandsrennet med Hordalandsløparar

I helga stilte Hordaland Skikrets opp med ein god tropp under hovedlandsrennet i langrenn. Dei fekk vore med på to individuelle renn og stafett. Og Hordalandsløparane imponerte med mange gode prestasjonar i den nasjonale konkurransen.

Det vart ei kjekk helg for våre løparar som var på Hovedlandsrenn i hovudstaden. Fleire gjorde det veldig skarpt i konkurransane. 

Blandt veldig mange gode prestasjonar under dei individuelle renna, nemner me mellom anna Emil Brattabø frå Bulken IL, i gutar 15 år gjorde det skarpt med 14. plass på friteknikk distansen og 13. plass på klassisk sprinten. Tristan Kahrs Guldbrandsen frå TIF Viking vart nummer 29 på friteknikk distansen. 16 åringen Markus Håheim frå Voss IL imponerte med sin 16. plass på distanserennet og 25. plass på sprinten.

Vossingen Ane Galaaen Røthe, Voss IL, slo til med finaleplass på klassisksprinten og enda på ein flott 5. plass. På friteknikkdistansen vart ho nummer 15. Vilma Vesterhus Michelsen, Ørnar IL, imponerte også med sin 18. plass på friteknikk distansen. Blandt 16 åringane slo Julie Tronerud Kvelvane Voss IL til med ein imponerande 3. plass på friteknikk distanserennet. Mathilde Aga Hagen frå Korlevoll gjorde også eit flott renn på same distansen med sin 25. plass. På sprinten var det 16 åringen Vårinn Johanson Hagen som høgt oppe på resultatlista med sin 25. plass.

Etter to individuelle renn fredag og laurdag, var det tid for kretsstafett på søndagen. Her stilte Hordaland med 6 lag i stafetten. 2 gutelag og 4 jentelag. Gutane hadde berre 3 etappar på 2. laget, slik at berre 1. laget fekk fullførd stafetten. Det gjorde dei imponerande med sin 15. plass i det sterke startfeltet. 

Blant jentene frå Hordaland imponerte laga med solide resultat og forbetra startposisjonane i det store startfeltet. 1. laget til Hordaland enda på ein flott 8. plass, 2. laget gjorde det bra med sin 17. plass, 3. laget og 4. laget imponerte med 31. og 47. plass. Super laginnsats av jentene våre! 

For fleire gode prestasjonar av våre løparar. Sjå lenke til resultat frå helgas Hovedlandsrenn. 

Løparane våre gjorde det veldig bra under helgas renn og ei stor takk må gå til foreldrer og støtteapparat som la ned ein super innsats for at det skulle verte både gode ski og gode opplevelsar for våre deltakarar. Ei spesiell takk til reiseleiar Ole Jacob Martinsen og smørjesjef Stig Gunnar Røthe som gjorde ein flott jobb for at alt skulle gå best mogleg og for at det vart slik ei kjekk helg for deltakarane våre. 

For fleire gode Hordalandsløparar. Sjå resultat hovedlandsrennet 2022. 

Bilete frå ei kjekk helg i Oslo under.

NIF-EPI03, 03