Hopp til innhold

Hopprenn med KM i Tunåsen

Søndag opnar Bulken IL nok ein gong det flotte anlegget i Tunåsen for hopprenn i K5, K10, K25 og K69. Det vert også KM frå 13 år. Påmelding i bakken fram til kl 11 renndagen.

Nytt høvet til å vere med på hopp- og kombinertrenn i Tunåsen søndag 6. mars. Passar for både nybyrjarar og vidarekomne. Utstyr er til låns for dei som treng. 

Påmelding skjer i Tunåsen fram til kl 11. søndag 6. mars. Der registrerer de namn på utøvar, året dei er født og kva bakke de vil hoppe i.

Bulken IL ynskjer alle velkomne til kjekt hopp- og kombinertrenn i Tunåsen 

NIF-EPI03, 03