Hopp til innhold

Sesongavslutning for hopp og kombinert

IL Eldar laga til Vårhopprenn i hopp og kombinert i Framnesbakken søndag 27. mars. Deltakarar frå Eldar IL, Bulken IL og Gullfjell IL fekk prøvd både hoppbakkane og krossløypa.

Over 30 deltakarar var med på sesongavslutninga i Framnesbakkane. Klubbane i Hordaland som verkeleg har stått på for å skape eit godt tilbod innanfor hopp og kombinert i skikretsen, fekk ein flott avslutning på sesongen i solskinet på Oppheim. 


To av mange, som har laga til eit kjekt tilbod for rekruttane i hopp og kombinert i Hordaland i vinter. Til venstre ulvikaren Odd Rolland, som har laga god stemning i hoppbakkane med motiverande speakerteneste og til høgre Øystein Friis Glistrup - primus motor i Gullfjell IL.

NIF-EPI03, 03