Hopp til innhold

Aktive kveldar i flotte anlegg

Forrige veke hadde Hordaland skikrets nokre veldig innhaldsrike kveldar i lag med nokre av våre dyktige skiklubbar i anlegga deira. Marianne Myklebust frå Norges skiforbund likte det ho såg i anlegga som vart besøkte.

I forrige veke hadde Hordaland skikrets besøk av Marianne Myklebust - Skiklubbutviklar NSF. Saman med dyktige instruktørar fekk me besøkt ski-anlegga på: Totland, Korlevoll, Tveitedalen, Totræna og Sjusete. I fire av anlegga vart ungar og trenarar med andre invitert på skileik lagt til rette av Marianne og hjelparar. Fokus for desse besøka var anleggsbefaring og best mogleg utnytting av anlegga med tanke på skileik og rekruttering. Engasjerte trenarar, gjestfrie klubbar og masse skiglede var opplevingar som gjekk igjen alle desse kveldane. Den generelle tilbakemeldingen frå Marianne, som har arbeida mykje med anlegg, og spesielt anlegg for skileik, var at anlegga heldt høg standard og gav mange mulighetar.  

Nå skal besøka følgast opp med eit felles oppsummeringsmøte med klubbane tysdag 15. mars kl. 20 på teams. Innkalling kjem på eigen mail til klubbane. 

Det var nokre inspirerande dagar å få vist fram dei fine skianlegga, og dei positive klubbane som held til der, til gjester frå austlandet. At det var skiftande vær med litt sol, litt fallande snø, litt hagl, litt vind og noko regn gjorde vestlandsturen komplett. 

Sjå nokre bileter frå dei aktive kveldane under. 

På Totland i Bergen var det full fart med allsidig skiaktivitet ein flott vinterkveld. Det vert jobba med å få utvikla løypenettet og ein dugnadsgjeng legg ned mykje arbeid i både preparering og vidarutvikling av anlegget. 

På Korlevoll er det laga til eit eige område for skileik. Dette har vore under utvikling i dei siste åra og ligg innbydande til bak stadion. Det er større planar for å utbetre løypenettet og grunnforholda i traseen. Ein kjekk kveld med både store og små i aktivitet i lag. 

I Tveitedalen i Kvinnherad vart det ein kjekk kveld i litt regn og vind. Me skulle vore i det høgare liggande anlegget Fjellhaugen, men det var litt utsatt for vinden som kom denne kvelden, så då vart Tveitedalen treffpunktet. Her har det vorte lagt ned eit arbeid over mange år, som har gjeve eit flott anlegg. Her er det investert i både løypemaskin, ny garasje og nye lys dei seinare åra. I tillegg er det laga til ein skileikbakke med eigen hoppbakke. Ei flott turløype er kopla opp til anlegget og dei har  planar for vidareutvikling av anlegget. 

På Sjusete har Kvam LSK sin base. Her har dei over mange år bygd opp eit allsidig og flott anlegg med eit breidt tilbod. I dei siste åra har dei laga til rulleskiløype, investert i heilt ny løypemaskin, etablert eit skileikområde og har laga til turløyper som går ut frå løypetraseen. Dei arbeider med å legge til rette for vidareutvikling av skileikområdet og ser på korleis ein kan lage terreng på sommarstid, som gjer at det lett kan prepparerast opp når snøen kjem. Denne kvelden fekk me sjå kor utruleg mange barn som får glede av aktivitetstilbodet og anlegget i Kvam. Over 70 stk var med på skileik i dei yngst årsklassane og dei er flinke å nytte det gode anlegget til aktivitet. 

På Totræna held Samnanger IL til. Der har dei både turløyper og stadion, som ligg fint til i terrenget over Samnanger. Det er bygd veg heilt opp til anlegget, investert i løypemaskin og etablert eit skileikområde med ein hoppbakke dei siste åra. Dei lagar eit godt tilbod til ungane og har opplevd vekst i aktiviteten dei seinaste åra. Dei har unge dyktige trenarar og utviklar tilbodet undervegs. 

nif-epi04, 04