Hopp til innhold

Det er verkeleg gjort ein super jobb frå Gullfjell IL, med å lage til eit så kjekt område for skihopp som det nå er på Gullbotn.

Kjekt hopp- og kombinertrenn på Gullbotn

På Gullbotn er det ein gjeng som tilbyr både nye hoppbakkar og kjekke arrangement. Det er det mange som kjem til å få glede av. I helga vart det invitert til kretsrenn i hopp og kombinert.

I helga inviterte Gullfjell til hopprenn og kombinert. Bakkane der ein kunne hoppe opp til 5 meter og 8 meter vart nytta, og ei fin sløyfe for langrenn vart nytta for kombinertdelen. 

Det vart ein veldig kjekk dag for ungane som fekk utfolda seg tilpassa sitt nivå. Arrangørane har vist at dei både kan lage anlegg med dugnadsarbeid og god kunnskap, samt ynskje nye rekruttar velkomne til aktivitet med åpne armar. På arrangementet var også leiar i hopp- og kombinertkomiteen Magne Sørestrand frå Eldar med. Han var imponert over anlegget og tilbodet som er kome i Bergen. Den dyktige speakeren Odd Rolland frå Ulvik IL laga ei flott ramme med inspirerande speakerteneste og musikk.  Sjå bilete frå den kjekke dagen under. 

For dei som ikkje har prøvd skihopping, så er det ikkje problem å anbefale dette supre tilbodet som idrettslaget har bygd opp gjennom dei siste åra.

Følg med på tilbodet på Gullbotn og Gullfjell IL gjennom deira facebookside. Her får de oppdateringar om skiføre og treningar/arrangement i klubben. 

NIF-EPI01, 01