Hopp til innhold

Gutane frå Hordaland slo i frå seg med ein imponerande 4. plass på stafetten. 5 sekund frå gullet! Dei spreke karane er frå venstre: Simen Engevik Stord TIL, Sondre Brattabø Osterøy IL, Bård Olav Steinsland Medhus Røldal IL og Daniel Dukstad Voss IL.

Imponerte under junior NM i langrenn

I helga var det NM i langrenn på Nes i Akershus. Der viste Hordalandsløparane seg fram med mange gode prestasjonar. Medalje til Daniel Dukstad frå Voss og imponerande stafettar!

NM i langrenn på Nes i Akershus bestod av renna langdistanse friteknikk, klassisk distanse og vart avslutta med kretsvis stafett. Og dei 31 deltakarane frå Hordaland fekk målt krefter mot ca 800 startande totalt denne helga. Gjengen frå vest laga ein fest med mange gode plasseringar i dei store startfelta.

 Individuelt

Blant jentene i 17 års klassen er det mange lokale som imponerer. Vossingen Synne Røthe slo til med 7. plass på friteknikken og 11. plass på klassisk distansen. Marie Hopsnes Fana IL varta opp med 15. plass på friteknikk og 9. plass på klassisk distansen. Emma Lefdal og Thea Haukaas frå Fana gjorde også flotte renn med 26. plass og 27. plass på friteknikk-rennet. Live Austlid Føyen frå Stord TIL gjorde også eit godt renn med 34. plass på rennet i friteknkk som beste resultat.  Eitt år eldre Amalie Galaaen Røthe frå Voss IL slo til med 8. plass på rennet i friteknikk og 13. plass på klassisk rennet. Her Marte Senderud Wæhle Voss IL gjorde eit godt klassisk renn og vart nummer 48. Brigitte Krohn Runnane IL Korlevoll - Odda gjorde også eit godt renn i klassisk og fulgte hakk i hæl på 49. plass. Blant dei eldste i klassen 19 - 20 år gjorde Ingrid Brattabø gode renn i både friteknikk og klassisk med sine 30. og 33. plass. Maria Hydle Viljar IL gjorde også to gode renn med 43. plass på friteknikk og 47. plass på klassisken. 

Amalie Galaaen Røthe i fint driv under vegs til ein flott 8. plass. 

For gutane var det blant dei yngste Sondre Brattabø frå Osterøy IL som markerte seg heilt i toppen med sine to flotte 6. og 7. plassar på friteknikk og klassisk. Einar Storvestre TIF Viking var eit gledeleg gjensyn i toppen med ein finfin 18. plass på friteknikk. Oskar Eek-Reme Fana IL gjorde to gode løp med sine 41. plass på friteknikk og 43. plass på klassisk. Eitt år eldre Marius Flatebø Vargar IL vart nummer 45. på rennet i friteknikk. I klassen 19/20 år, så fekk me helgas store prestasjon med Daniel Dukstad Voss IL. På 20 km friteknikk gjekk han likeså godt inn til bronse medalje! Fantastisk prestasjon i det tøffe startfeltet. På klassisken fulgte han opp med ein flott 10. plass. Simen Engevik Stord TIL gjorde også sakene sine bra og vart nummer 11 på klassisk rennet og 35 på rennet i friteknikk. Bård Olav Steinsland Medhus Røldal IL vart nummer 18. på rennet i friteknikk og 40. på klassisk distansen. 

Daniel Dukstad t.v. og Simen Engevik med god grunn til å vere fornøygde. 


Bernt Flæsland leverer som vanleg i smørjebua og gjer ein flott jobb for skikretsen. 

Stafett

Under søndagens stafett stilte Hordaland Skikrets med 3 jentelag og 2 gutelag. Litt fråfall gjorde at ikkje alle fekk vore med på søndagen. Men dei som var med gjorde ein super innsats målt mot dei største og beste kretsane i landet. Blant jentene vart 1. laget til Hordaland, trass stavbrekk, nummer 11 til slutt. Lag 2 og 3 fulgte opp med fine 26. plass og 48. plass. 

Gutane stilte med 2 lag og 1. laget slo til med ein imponerande stafett. Dei var så nære gullet at de kun skilte 5 sekundar i mål frå 1. plass til 4. plassen som Hordaland fekk. Dei 4 gutane gjorde strålande etappar mot dei store kretsane, og at det skulle vere så nære gull er noko nær historisk prestasjon på ein stafett for Hordaland. 2. laget gjorde også ein flott stafett og dei plasserte seg fint inn på ein 28. plass i det tøffe feltet. 

Så god som gull, gutane!

Sjå fleire flotte Hordalands prestasjonar og resultat på lenkje. 

Nokre bileter frå helgas NM, der Hordaland Skikrets både fekk gått fort på ski, og ikkje minst hatt det veldig kjekt i lag. 


NIF-EPI01, 01