Hopp til innhold

Vel blåst KM i langrenn

Ulvik IL stod for eit vel gjennomført KM, sjølv om arrangementet måtte flyttast til Voss ski- og tursenter. God hjelp frå eigarlaga gjorde dette til ei flott KM-helg for deltakarane.

Manglande skiføre har vore eit stort problem rundt i vår skikrets så langt i år. Då er det godt at me har anlegg med snøproduksjonskapasitet til å sikre fleire skidagar. Dette var avgjerande i helga, når Ulvik IL flytta Kretsmeisterskapet til Voss ski- og tursenter. Arrangementet vart gjennomført på ein solid måte med god hjelp frå eigarlaga på tursenteret. Sjå bilete frå helgas kretsmeisterskap og lenkje til resultat frå laurdagens renn i klassisk teknikk og søndagens renn i friteknikk. 

Resultat KM i langrenn Hordaland 22. - 23. januar 2022

NIF-EPI03, 03