Hopp til innhold

Sesongopning i langrenn

Voss IL tok initiativ på kort varsel og inviterte til Nyttårsrenn og sesongopning. Det vart ein suksess! Over 190 fekk gleda av å endeleg få gått eit skikkeleg langrenn.

Når Samnanger IL måtte utsettje grunna snøtilhøva tok det nye "Nyttårsrennet" form på nokre få dagar, og søndag gjekk arrangementet av stabelen i Voss ski- og tursenter. Imponerande arbeid av arrangørane til glede for alle deltakarane som endeleg fekk tilbod om langrenn i Hordaland. Spesielt gledeleg var det at det var så mange deltakarar i dei yngste aldersklassane. Det lovar godt for framtida! 

Nokre bilete frå den kjekke dagen!

Av dei som gjekk lengste løype var det Julie Tronerud Kvelvane Voss IL i J16 som var raskast av damene i deira 5 km. Blant herrene var det andre års junioren Marius Flatebø Vargar IL, som var raskast på 10 km under rennet som gjekk i friteknikk. 

Resultater Voss IL Nyttårsrenn friteknikk 9. januar 

NIF-EPI03, 03