Hopp til innhold

Fellesstarten under NC senior på Vind med Vinnar Vebjørn Turtveit Voss IL. Ute til høgre, enda ein imponerande Hordalending - Røldølen Gaute Kvåle med ein flott 4. plass i same rennet.

NC helg i langrenn med Vossing til topps

Juniorane frå skikretsen gjekk strålande under første Norges cup renn på Åsen, etter to år utan. Under NC senior på Gjøvik var det ikkje mindre strålande av våre løparar, der mellom anna Vebjørn Turtveit sigra under 22,5 km fellesstart i friteknikk.

I helga var det NC i langrenn både for junior og senior. På Åsen vart det for fyrste gang på to år at juniorane fekk muligheten til å måle krefter med resten av landets juniorar og på Gjøvik gjekk Norges cup for senior.

På Gjøvik var det ikkje mangel på toppresultat frå våre løparar. Vebjørn Turtveit frå Voss slo til med siger under laurdagens fellesstart i friteknikk og vart nummer to på klassisken dagen før. Gaute Kvåle frå Røldal vart nummer 7 på klassisken og fekk 4. plass på fellesstarten. Karoline Simpson-Larsen frå Vargar IL gjekk seg inn til ein 2. plass på klassisk distansen og vart nummer 6 på fellesstarten, sjølv med eit uhell der skia datt av undervegs. Hilde Fenne TIF Viking, som er mest kjent for skiskyting, viste i helga at ho er tett på dei beste i landet også utan børse. Med 10. plass på fellesstarten og 5. plass på sprinten vart det ei flott helg resultatmessig også for ho.
  
Karoline fornøygd med helgas innsats. Gjennom sesongen er me vorte vande med at Karoline ligg i toppen både i Norges cup og på den Skandinaviske cupen. 

Sjå andre løparar frå Hordaland som også gjekk NC på Gjøvik på lenkja under. 

Resultat NC senior Vind 2022

På Åsen vart Norges cup for junior arrangert, og her var det også fleire Hordalandsløparar som viste att i toppen av listene.

Jentene frå Hordaland var med heilt i toppen og i J 17 år markerte Marie Hopsnes Fana IL seg med 3. - 4. - 5. plass på distanserenna i friteknikk, sprint og distanse klassisk. Imponerande og allsidig av Bergensløparen. Synne Ophaug Røthe Voss IL var og med heilt i toppen i same klassen med 4. plass på friteknikk distansen,  7. plass på klassisk distansen og 14. plass på sprinten. Emma Lefdal gjekk seg inn til ein fin 12. plass på klassisk distansen.  Thea Berge Haukås Fana IL levert også gode renn under helga med bla. 23. plass på klassisk distansen. 

I J 18 år gjekk Amalie Galaaen Røthe Voss IL fort med 5. plass i friteknikk og 8. plass under klassisk rennet. 

I den eldste juniorklassen gjekk Ingrid Brattabø Osterøy IL inn til ein 34. plass under friteknikkrennet og 37. plass på klassisk rennet. Maria Hydle Viljar IL vart nummer 38 på klassisk rennet og  nummer 46. på sprinten. 

Blant gutane slo Sondre Brattabø Osterøy IL til med 3. plass på friteknikkrennet og 12. plass under klassisk rennet. Oskar Eek-Reme Fana IL og Einar Storvestre Tif Viking fulgte opp med fine 21. og 22. plass under same rennet. 

I klassen G 18 år gjekk Marius Flatebø Vargar IL, som gjorde eit flott løp med sin 17. plass på klassisk distansen også Sondre Myking Osterøy IL fekk ein fin 17. plass under sprinten. 

I den eldste klassen er det mange frå Hordaland som hevdar seg. Simen Engevik Stord IL gjorde det skarpt med sin 5. plass på klassisk distansen og 24. på friteknikk distansen. Torjus Klette Ørnar IL fekk ein god 12. plass under sprinten. Daniel Dukstad Voss IL vart nummer 23 på klassisk distansen og nummer 30 på friteknikk distansen. Bård Olav Steinsland Medhus Røldal IL vart nummer 32 på friteknikk distansen. 

Om 14 dagar er det NM for juniorane og me ser fram til å følgje alle dei lovande løparane under meisterskapet. 

Resultat Norges cup junior Åsen 2022 

 

NIF-EPI01, 01