Hopp til innhold

Fartssamling og KM i alpint - Ål

Meld dykk på den tradisjonsrike fartssamling og KM helga som går av stabelen over 4 dagar frå torsdag 13. - søndag 16. januar i Ål i Hallingdal. Samlinga og renna er i samarbeid med nabokretsane Agder og Rogaland og Sogn og fjordane.

Alpinkomiteen har gleda av å invitere til trening og renn på Ål - helga 13. - 16. januar. Samlinga er også for aldersgruppa U10. 

Søndag 16. januar er det planlagt 2 renn. Det fyrste vert premiert og er gjeldande som KM for u14 og u16 - begge renna reknast som puljeplasseringsrenn for løparar frå Hordaland.

Informasjon om treningsoppsett og renndetaljar vert oppdatert. Trenings- og rennavgift er 150,- per dag. 

fartssamling ÅL og KM Hordaland 13. - 16. januar 

 

NIF-EPI02, 02