Hopp til innhold

Fanarennet gjekk på Voss

Fana IL stod for eit vel gjennomført arrangement, med Fanarennet som vart flytta til Voss ski- og tursenter. Sjå bilete og resultat frå langrennet som gjekk i klassisk teknikk.

Det var gode forhold under søndagens renn med fine løyper for langrenn i klassisk teknikk. Arrangøren Fana IL laga til eit kjekt renn for dei frammøtte. 120 deltakarar møtte opp, og fekk ein flott skidag i åsen. Det var noko lavare deltaking enn vanleg, som skuldast både koronautbrot og arrangementa NC senior og junior på Gjøvik og Åsen, som gjekk same helg. Neste kretsrenn i langrenn går i Samnanger laurdag 5. februar. 

Resultat Fanarennet klassisk 30. jan 2022

nif-epi04, 04