Hopp til innhold

Den særs lokale Erling Fagerbakke Fosse, Voss IL, var nok ein gong raskast opp Bergsdalen. No som utøvar på det nystarta satsingslaget Team Bauhaus, som vert spanande å følgje framover.

Vel gjennomført Bergsdalen Opp

Det vart ein fin dag i Dale og Bergsdalen når skikretsen i samarbeid med den dyktige lokale arrangørstaben arrangerte rulleskirenn med ei sosial minisamling etterpå.

55 deltakarar var med på rulleskirennet opp den bratte stigninga til Bergsdalen. Det nystarta lokale laget Team Bauhaus stilte med 3 til start, og det var den lokale Erling Fagerbakke Fosse, føre den nesten like lokale teamkompisen Kristian Skjeldal, som var raskaste opp løypa.

Blant damene var det Ingrid Brattabø frå Osterøy IL, som kunne feire både bursdag og raskaste tid opp dalen. 

Etter rulleskirennet var det duka for Betasuppe frå Bergsdalstunet, premieutdeling på gamle Bergsdalen barneskule, før dagen vart avslutta med ein fin fjelltur mot Høgabu. 

Takk til deltakarane for flott innsats og dei fantastiske friviljuge i Dale og Bergsdalen som alltid får skikretsen til å føle seg velkomne. 

Sjå nokre bilete frå den kjekke dagen og resultatliste. 

 
Dyktige arrangørarar som legg til rette på ein framifrå måte.

Første gang med i det tøffe rulleskiløpet opp Bergsdalen. Imponerande innsats av desse. 

Fin avslutning på dagen på flotte turstiar opp mot Høgabu frå Bergsdalen. 

Til slutt ei takk for oppmøtet til den som hadde lengst reiseveg til rulleskirennet:  Simen Finjord frå Alta, som tok seg tid til å gjere eit veldig godt rulleskirenn inn i mellom ei feiring i Stalheim denne helga - Det var eit hyggeleg innslag!

RESULTAT RULLESKIRENNET BERGSDALEN OPP 19.06.21

 



NIF-EPI02, 02