Hopp til innhold

Fredag 27. august ynskjer nok ein gong Stord T og IL velkomne til ei allsidig treningssamling på Stord. Her frå toppen av "Skjerpatrappene".

Kretssamling på Sommarøya

Helga 27. - 29. august vert det treningssamling i langrenn på Stord for 13 - 16 åringane (f.å:2006 - 2009) Det vert også ei kjekk dagsamling laurdag 28. august for f.å: 2010 - 2014. Helga vert avslutta søndag med rulleskirenn åpent for alle. Rennet inngår i kretscupen for rulleski.

Samlinga startar fredag 27. august og varer til søndag 29. august. Det er overnatting i idrettshall og måltida servert same plass. Innhaldsrike og kjekke treningsdagar i det flotte terrenget på Sommarøya ventar! Eigen dagsamling for dei yngste er eit fint tilskot til samlinga. Her vert det både rulleski og allsidig aktivitet. Utlån av rulleski for dei som treng. 

Søndagen vert det rulleskirenn i den fine rulleskitraseen på Prestegardsskogen. Rennet er åpent for alle og inngår i kretscupen. Påmelding til rennet skjer via Klubbadmin. Påmeldingsfristen er onsdag 25. august.

Helgesamlinga kostar 1300,- Arrangøren ordnar transport til og frå Sandvikvåg for dei som ikkje har skyss. Dagsamlinga for dei yngste kostar 200,- Hentetida Sandvikvåg er 1645. Ev ekstra behov tar de kontakt med arrangøren om.  Me oppfordrar spesielt foreldre til å kome på rulleskirennet på søndag.  

Detaljprogram og informasjon om dagsamlinga kjem i august.
Dagen vil innehalde allsidig trening med leik og øving på rulleski og allsidige aktivitetar i nærmiljøet på Prestegardsmoen. Inndelt etter nivå og alder. Hordaland Skikrets og Stord T og IL stiller med dyktige instruktørar.  

 PROGRAM 13 - 16 år STORD 27. AUGUST - 29. august

 Frist for påmelding til samlingane er søndag 22. august.

 påMELDING KRETSSAMLING og dagsamling STORD 27. - 29. 

nif-epi04, 04