Hopp til innhold

Bergsdalen Opp

Laurdag 19. juni blir det ein aktiv dag i Dale og Bergsdalen når Bergsdalen UL og Hordaland skikrets inviterer til rulleskirenn og treningsdag. Sjå program og påmeldingslink.

PROGRAM FOR DAGEN

1000– 1200: Treningsøkt for dei yngste ( - 10 år) med utlån av rulleski for dei som treng. Om de ikkje har rulleski, så tek de med sko med NNN system, så kan de låne rulleski på staden. Dette føregår i Dale sentrum ved BKK bygget(turbinen).  Bruk min idrett for påmelding. 100 ,- inkluderer ein deltakarpremie og lunsj før løpe-/ fjelltur i Bergsdalen. 

1030 – 1130: Oppmøte og utdeling av startnummer for rulleskirenn ved Heradshuset.

1200 – 1300: Rulleskirenn Bergsdalen Opp. Valfri stilart. For 11 - 12 år vert det ei litt kortare løype og enkeltsstart. Fellesstart frå 13 år og eldre.   Asfalten og stigninga gjer klassisk teknikk meir effektiv, men skøytarar får ei utfordrande og god motbakkeøkt om ein velger det. 

1315 - 1400: Deltakarmat vert betasuppe på Bergsdalen skule(avkjørsle vert  merka). 

1415: liten fjelltur for dei yngste og løpetur for dei eldste.

1600: Slutt for dagen.

Påmelding Bergsdalen opp og treningsdag 19. juni 2021

Påmeldingsfrist for rennet og treningsdagen er torsdag 17. juni. Me følger NSF sin koronavegleiar for gjennomføring av arrangementet. Det er nå opna for seniorar til også å delta på rulleskirennet. Dette er gledeleg! 

Me gledar oss til ein sosial og kjekk dag i Dale og vakre Bergsdalen. Vel møtt!

NIF-EPI01, 01