Hopp til innhold

Flotte rulleskiforhold på Osterøy. Her frå ei av dei faste juniorsamlingane som har vorte arrangert på øya.

Åpen treningssamling på Osterøy

Osterøy IL inviterer juniorar til åpne treningsøkter fredag til søndag 25. - 27. juni. Juniorar i skikretsen er hjarteleg velkomne til å vere med på trening.

For dei som har muligheten til å vere med, så ynskjer Osterøy IL, som erstatning for den tradisjonsrike og kjekke jonsok-samlinga på Osterøy, å invitere skikretsen sine juniorar til innhaldsrike treningsøkter i lag med resten av løparane på Osterøy. Ta turen, og møt opp!

Program for samlinga: 

Fredag kl. 17.30: Rulleski klassisk langtur 1.45-2 timar.                    Oppmøte på Hatland (Osterøyhallen).

Lørdag kl. 09.00: 1. økt: Rulleski testløp skøyting til Storavatnet (ny asfalt). Distanser 6,5 km (kvinner) og 8,6 km (menn).                                Oppmøte på Hatland (Osterøyhallen).

Lørdag kl. 16.00: 2. økt: Jogg, spenst, hurtighet og styrke. Oppmøte på Hatland (Osterøyhallen).

Søndag kl. 10.00: Rulleski klassisk ca 1,5 time. Skiftar til joggesko og spring ca 1,5 time i fjellet på Osterøy. Oppmøte på Hatland (Osterøyhallen). 

Send mail til  jmostraum@gmail.com om de ynskjer å vere med på enkeltøkter eller alle. 

nif-epi04, 04