Aktivitetstilbod Hopp og kombinert

Skihopp på plast? Allsidig trening? Høyrest da spennande ut? Sjå aktivitetstilbodet i Hopp og kombinert for sommar og haust i Bergen og Voss.

Aktivitetskalender sommar og haust 2021 

Litt om klubbane: 

Eldar IL med base på Oppheim - Voss har fleire flotte hoppbakkar med plast som gjer det mogleg å hoppe også på sommaren. Det vert nå oppgradert og lagt ny plast i løpet av sommaren, og i august er det klart for hopping i dei oppgraderte bakkane. Har du lyst å prøve? Då er du hjarteleg velkomen til anlegget. 

Gullfjell IL med base på Gullbotn - Bergen  har ein minihoppbakke og utviklar fleire små hoppbakkar som skal leggast plast på. Dette skjer i løpet av året, og gjev eit spennande treningstilbod også på sommaren. Eit flott anlegg å kome til, og nye rekruttar er høgst velkomne. 

Sjå link til klubbane med hopptilbod i skikretsen. Nokre har tilbod på vinteren og manglar plast i bakkane for sommartilbod. 

 

Publisert 25. jun. 2021