Hopp til innhold

Det vart ein kjekk dag for deltakarane under familiedagen på Vikafjell. Hoppbakkar i ulike størrelsar og god instruksjon bla. frå hoppavdelinga til NSF. (Foto: Øystein Glistrup)

Flott hoppdag på Vikafjellet

Det vart ein super familiedag for hoppinteresserte, når Hopp og kombinertkomiteane i Hordaland og sogn og Fjordane inviterte til hopp - og skidag på Vikafjellet.

Med god hjelp frå Hoppavdelinga til NSF med Rune Rebne og Tore Øvregård, så laga hoppmiljøet til ein super aktivitetsdag på Vikafjellet. Det vart laga 4 hoppbakkar av ulik størrelse opp til K30 og alle deltakarane fekk deltakarpremie og gode hoppopplevelsar den flotte laurdagen på Vikafjellet. 

For Hordaland skikrets har leiar i Hopp- og kombinertkomiteen Magne Sørestrand stått i spissen for den gode dugnadsgjengen som gjorde denne dagen mogleg. For denne dagen hadde ikkje vorte noko av, utan den strålande innsatsen frå desse. Tusen takk! 

Nokre bilete frå den kjekke dagen på Vikafjellet

 

NIF-EPI02, 02